Kåso, innerst i Langevåg
Velkomen til Langevåg Sauna
Ein flytande sauna for tolv, fortøydd ved båtlagsbrygga.
Ein flytande sauna for tolv, fortøydd ved båtlagsbrygga. Bømlo IL og Bømlo Båtlag driv han saman, og overskotet går tilbake til lokalsamfunnet.

P · Alle om bord
Ledige økter
Ei økt varer i to timar, og oppfyringa er rekna med. Saunaen er kald når du kjem, og du fyrer sjølv.
Booking og betaling skjer hjå Periode.
Hentar økter …
Ein varm vinter i vente
Langevåg Sauna er eit nytt samlingspunkt for kropp og sjel. Bømlo Idrettslag og Bømlo Båtlag har laga han for helse, trivsel og sosialt samhald.
Her finn du ro i varmen, eit friskt sjøbad og nye band, året rundt. Overskotet går tilbake til lokalsamfunnet gjennom frivillig arbeid og lokale tiltak.
Velkomen til ei oppleving som varmar, både inni og utanpå.
Bømlo IL og Bømlo Båtlag driv han saman, og overskotet går tilbake til lokalsamfunnet.

Prisar
70–140 kr per plass. Morgonen er rimelegast og helga dyrast, og barn betaler mindre.
Barn under 16 år er med ein vaksen over 18.
- Morgon70 krKvardagar kl. 08.00–11.003 timar
- Dag110 krKvardagar kl. 11.00–21.00Helg kl. 06.00–11.002–3 timar
- Helg140 krLaurdag og sundag kl. 11.00–21.002 timar
| Økt | Vaksen | Barn |
|---|---|---|
| MorgonKvardagar kl. 08.00–11.00 · 3 timar | 70 kr | 50 kr |
| DagKvardagar kl. 11.00–21.00, helg kl. 06.00–11.00 · 2–3 timar | 110 kr | 80 kr |
| HelgLaurdag og sundag kl. 11.00–21.00 · 2 timar | 140 kr | 100 kr |
Klippekort
- 12 klipp79 kr per økt · gyldig i to år950 kr
- 20 klipp78 kr per økt · gyldig i to år1 550 kr
Klippa gjeld på alle sjølvbetente økter.
Heile saunaen
Book alle 12 plassane på éi økt med eit 12-klipp: 950 kr. Enkeltplassar på ei dagøkt kostar 1 320 kr.
Gåvekort frå 110 kr, valt i økter. Gje bort ei økt

Slik går det føre seg
- Book og betal. Etter betalinga får du ein kode til låsen.
- Lås opp. Koden opnar den digitale hengelåsen på ytterdøra. La han henge open medan du er inne, og lås att med han når du går.
- Fyr opp. Veden ligg i kistebenken i omkledningsrommet, og han er med i prisen.
- Ned i sjøen. Badestigen går rett ned frå flytebrygga. Det er omkledningsrom, men ikkje dusj.
- Rydd etter deg. Svabra vatnet på golvet ut døra og vask over benkene. Grønsåpe og nal står klar.
Frå 16 år kan du bruka saunaen åleine. Er du under 16, er du saman med ein vaksen over 18.
Måndag og torsdag kl. 17.00–19.00 er saunaen stengd for vask og vedlikehald.

Spørsmål
Er saunaen varm når eg kjem?
Nei. Du fyrer sjølv, og det held prisen nede.
Er det dusj?
Nei. Det er omkledningsrom og reint, friskt sjøvatn rett utanfor døra.
Eg fekk ikkje koden. Kva gjer eg?
Sjekk søppelposten først, koden kan ha hamna der. Finn du han ikkje, spør oss, så sender me ein ny.

K · Eg vil snakka med deg
Spør oss
Vel eit spørsmål, eller skriv ditt eige.
E-post: sponsor@bomlo-il.no
Telefon: 481 47 409
Finn fram
Saunaen finn du i Kåso, innerst i Langevåg.
- Hovlandsvegen 10Kom til Kåso langs Hovlandsvegen, og gå ned til sjøen.
- BåtlagsbryggaGå ut på brygga til Bømlo Båtlag.
- LandgangenSaunaen ligg på eiga flytebrygge ved båtlagsbrygga. Landgangen går over.
Ope kvar dag: kvardagar kl. 08.00–21.00, laurdag og sundag kl. 06.00–21.00.
Opna i kart